Bidrag i valår
Parti og partiledd kan ta i mot gåver og støtte frå privatpersoner og frå føretak og organisasjonar. Det er eit krav at partiet veit kven bidragsytar er, at denne ikkje er eit offentlet kontrollert føretak eller ein utanlandsk gjevar. I valår har partia ei særskilt plikt til å rapportere om bidrag over 10 000 kroner som er mottekne i perioden 1. januar og fram til fredag før valdagen.
Rapporteringsplikta omfattar alle bidrag som partia mottek i ovannemnde tidsrom. Dette gjeld og om bidraget blir gitt regelmessig etter avtale – til dømes «partiskatt» frå eigne medlemar, månadsbidrag eller bidrag frå ein partiorganisasjon som sjølv ikkje er omfatta av partilova.
Døme på valkampbidrag kan vere:
- pengar
- varer
- tenester
- utlån
- rabattar
- ytingar som blir gitt gratis eller til underpris
- lån på ikkje-kommersielle vilkår