Personvernerklæring
Denne personvernerklæringa fortel korleis vi samlar inn og brukar personopplysningar i tilknyting til nettstaden partifinansiering.no. Nettstaden viser informasjon om finansiering av alle registrerte politisk parti. Det rettslege grunnlaget for behandlinga av personopplysningar er partilova §§ 20 og 22.
Behandlingsansvarleg
Kommunal- og moderniseringsdepartementet er behandlingsansvarleg for tenesta som viser korleis politiske parti i Noreg blir finansierte. Den behandlingsansvarlege bestemmer føremålet med behandlinga av personopplysningar og kva hjelpemiddel som skal brukast.
Databehandlar
Statistisk sentralbyrå (SSB) og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane (FMSF) er databehandlarar for tenesta. SSB er ansvarleg for datafangst og tilrettelegging av materialet. FMSF er leverandør av nettstaden. Databehandlarane behandlar personopplysningar på vegner av den behandlingsansvarlege.
Korleis samlar vi inn personopplysningar?
Statistisk sentralbyrå er ansvarleg for datainnsamling og tilrettelegging av materialet. Årsaka til at personopplysningane dine blir behandla i samband med partifinansiering kan vere at:
- Du er ansvarleg for å innrapportere økonomiske forhold på vegner av eit politisk parti
- Du er bidragsytar til eit politisk parti, og bidraget er over en bestemt verdi
Kva personopplysningar blir registrert når du brukar nettstaden vår?
Når du bruker nettstaden for å få innsyn i rekneskapen til partia, samlar vi ikkje inn opplysningar som kan knytast til deg som enkeltperson. For at nettstaden skal fungere best mogleg for deg, brukar vi informasjonskapslar, men kapslane kan ikkje identifisere deg personleg. Les meir om informasjonskapslar nedanfor.
Informasjonskapslar
Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som blir plasserte på datamaskina når du opnar ei nettside. Bruken av informasjonskapslar utgjer ingen tryggleiksrisiko for deg. Ingen av opplysningane vi får inn via informasjonskapslar, blir brukt til å identifisere deg personleg. Du kan avstå frå å samtykke til at vi lagrar og behandlar informasjonskapslane, men det kan føre til at nettstaden ikkje fungerer optimalt for deg.
På nettvett.no kan du lese om korleis du stiller inn nettlesaren din for å godta eller avvise informasjonskapslar.
På nettstaden er desse informasjonskapslane i bruk:
.ASPXANONYMOUS
Blir brukt av .NET-teknologien som nettstaden byggjer på for å kunne handtere sesjonar for brukarar som ikkje loggar inn
ASP.NET_SessionId
Blir brukt av .NET-teknologien som nettstaden byggjer på for å halde på sesjonens ID
Webanalyse
brukarmønsteret til dei som besøker nettstaden. For å analysere informasjonen brukar vi analyseverktøyet Google Analytics.
Google Analytics nyttar informasjonskapslar/cookies som registrerer IP-adressa til brukaren, og som gir informasjon om korleis brukaren oppfører seg på internett. Døme på kva statistikken gir oss svar på er; kor mange som besøker ulike sider, kor lenge besøket varer, kva nettstader brukarane kjem frå og kva nettlesarar som blir brukte. Ingen av informasjonskapslane gjer at vi kan knyte bruken din av nettstaden til deg som enkeltperson. Data knytt til informasjonskapslar blir automatisk sletta 14 månader etter registrering. Du kan sjølv administrere bruken av informasjonskapslar.
Informasjonen som blir samla inn av Google Analytics, blir lagra på serverane til Google i USA. Mottekne opplysningar er underlagt Googles retningslinjer for personvern.
Ei IP-adresse er definert som ein personopplysning fordi adressa kan sporast tilbake til ei bestemt maskinvare og dermed til ein enkeltperson. Vi anonymiserer IP-adressa til brukaren før informasjonen blir lagra og behandla av Google. Dermed kan ikkje den anonymiserte IP-adressa brukast til å identifisere deg.
IP-adressa di blir også logga for ein kort periode av webserverane våre. Brukarens IP-adresse, tidspunkt, nettadresse, HTTP-status, tal bytes sendt, HTTP-referer og HTTP-user agent blir logga i 15 dagar. Deretter blir loggen sletta automatisk.
Kva personopplysningar blir registrert når du er ansvarleg for å innrapportere økonomiske forhold?
All innrapportering på vegner av eit politisk parti skjer via Altinn. Når du legg inn ei varslingsadresse i Altinn, kan varslingsadressa innehalde personopplysningar som personleg e-postadresse og personleg mobilnummer. For å bruke Altinn må du bruke elektronisk ID og logge deg inn via ID-porten. ID-porten er ei felles innloggingsløyning til offentlege tenester på nett. Vi må sjølvsagt også registrere kva politisk parti du innrapporterer på vegner av.
Kva personopplysningar blir registrert når du er bidragsyter til eit politisk parti?
Dersom du som privatperson – eller på vegner av eit føretak eller ein organisasjon – gir gåver eller støtte til et politisk parti, må partiet kjenne identiteten din. I valår har partia ei særleg plikt til å rapportere inn bidrag over 10 000 kroner som er mottekne i perioden 1. januar og fram til fredag før valdagen, jamfør partilova § 18 fjerde ledd.
Dersom du gir bidrag til eit politiske parti i løpet av et år som overstig terskelverdiane i partilova § 20 første ledd, har partiet ei særleg plikt til å rapportere inn bidraget/-a som del av årsrapporten.
Dette er personopplysningar som blir innhenta, lagra og offentleggjort på partifinansiering.no når du har gitt ei gåve eller eit bidrag
- namnet ditt/bustadkommunen din dersom gåva eller støtta kjem frå deg personleg og overstig terskelverdiane i partilova § 18 fjerde ledd eller § 20 første ledd
- namn og postadresse på organisasjon eller føretak som har gitt gåve eller støtte, dersom gåva eller støtta overstig terskelverdiane i partilova § 18 fjerde ledd eller § 20 første ledd
- kva parti som har fått gåva eller støtta
- verdien av gåva eller støtta
- når gåva eller støtta vart motteken av partiet
- når partiet publiserte informasjon om mottak av bidraget
Kor lenge blir personopplysningane tilgjengelege på nettstaden?
Opplysningane skal være elektronisk tilgjengelege i fem år frå innrapporteringsdato, jamfør partilovforskrifta kap.2.